Skattebu Gard ligg nord i Rogne i Øystre Slidre kommune i Valdres.  Mø har sau, og sel kjøt og andre produkt direkte til kundar. 

Beiteområdet er på høgfjellsbeite i Langsua Nasjonalpark.

Våre sauer blir ikkje sluttfora på kraftfor, og vi har fokus på å produsere så sunt og godt kjøtt som mogleg. 

For oss er dyrevelferd viktig, og det er viktig at dyra våre har eit godt liv. 



KEM Æ MØ?


SKATTEBU GARD


Gunhild, Steinar, Mari, Ola, Håkon, Bella og 180 sauer


Vår historie

Garden vår er ein av dei eldste slektsgardane i Øystre Slidre, og har vore i familiens eige sidan rundt 1660. I "Gardar og slekter i Øystre Slidre B" (1987) seier forfattaren at Skattebu truleg vart utskild frå garden Rogne allereie på 7-800-talet. 


Skattebu var opphavleg ein stor gard, som seinare vart delt opp. Fleire av dei utskilde gardane eller husmansplassane som seinare vart til eigen bruk, tok seg nye namn: til dømes Skogstad, Rolandsgarden, Smedstad, Eikra, Haugli, Granli, Skogvang, Engstad, Bjartset og Fjelltun. No består Skattebu-grende av ein rekkje gardar og mindre plassar, og der vår gard blir kalla Øvre Skattebu, har bruksnummert 39/1., og er framleis den største.


Gunhild si bestemor, Ragnhild Olsdotter Skattebo, vart født 11/7-1921 som eldste dotter av Karine (f. Engen) og Ola Haldorsson Skattebo. Då begge hennes to yngre brør vart veradne ugifte, kjøpe Gunhild sin far, Ola G Rogne, garden på odel av sin onkel i 1992. 


På Valdres Folkemuseum på Fagernes står Skattebustogo den dag i dag, etter at den vart solgt til museet allerie i 1917. 

I Valdres har stølsdrift lange og djupe tradisjonar, og Skattebu er inget unntak. Den eldste stølen me kjenner til skal ha vore på Etnstølen, men vart fløtt til Synhaugen fordi "dei underjordiske var så plagsomme". 

På Synhaugen ligg stølen vår den dag i dag, men gamalfjøset vart fyrst sett opp på Etnstølen, før den vart fløtt dit i 1829..

Nede på garden hjå uss er det synleg at mø har eit tradisjonsrikt og gamalt bruk, og det står framleis fleire gamle timbro på garden.  

Mø, Gunhild Rogne og Steinar Dahlen tok over Skattebu i 2013/2014, og bur no på garden med våre tre barn; Mari (f. 2015), Ola (f. 2016) og Minstemann (f. 2019). Steinar kom opphavleg frå ein gard på sørvvestsida av Volbufjorden, og difor har mø også støl i Olægeret. 


Mø starta med direktesal av kjøt i 2015, og i 2016 vart varemerket "Skattebu Gard- Fjellam frå Valdres" født. 

Bildegalleri